Sauer er absolutt ålreite dyr!
😀
Oss
har gard her på Dovreskogen, og driv med sau. Oss det er min mann og eg. Har hatt sau siden 1978.
Har ca. 60 vinterfora søyer - som får rundt 120 lam.
Oss har rasene dala og kvit spæl. Eg liker spælsauen aller
best, den har mange gode egenskaper. Den lammer lett, tek godt vare på lamma sine, og går meir i samla flokk i fjellet.
Dalasauen er roligare av seg, det tek lenger tid under lamminga. Dei går meir enkeltvis på beite, men har absolutt
tyngre lam, og dei går i betre klasse ved levering om hausten. Oss har gått meir og meir over til denne rasa, men kjem ikkje til å slutte med spælsauen.
Om våren er det ei travel tid for oss, men og spanande. Lamminga
tek til rundt 25. april og varer i ca.3 veker. Da vert det mykje nattevake ei tid. Ellers så er det mykje som skal gjerast, slik som merking av lamma. Nå er det påbudt å ha to
øyremerker, det eine skal være elektronisk.
Ellers så deler oss frå i småbinger når dei skal lamme, og i samlebinger etter nokre dager. Mange av lamma vil ikkje syge, og da må oss hjelpe til litt. Nokre søyer har ikkje nok mjølk, og da må oss gje litt
attåt. Det kan da fort verta kopplam av desse. Nokre søyer vil ikkje ha lamma sine, og da må oss binde søya nokre dager slik at ho ikkje får stanga lamma. Heldigvis så går dette bra etter ei tid. Dette gjeld da helst
ungsøyer.
Det er godt for dei når dei kjem ut på grønt beite. Men fyst må lamma sprøytes mot stivkrampe. Oss har dei ute på lufting nokre gonger før dei ligg ute om natta, rundt 20.mai.
Etter nokre dager skal lamma sprøytes mot koksidiose. Det er mykje arbeid når alle lamma skal fanges og sprøytes, men det er viktig at dette vert gjort.
Oss har heldigvis bra med beite heime. Sist i juni gjer oss dei klare
for fjellslepp. Da har oss på søyene bjeller og lammetalsmerker dei. Oss sprøyter både lam og søyer for
innvollssnyltrarar. Dei stundar da til fjells. Det tek ikkje lang tid før dei er kome til setra i Svartdalen.
Vidare så går dei innover mot Grønbakkom og Hornsjøhøa. Dei held og til utover på Botten. Og her går dei heile sumaren.
Dei fleste kjem heim att av seg sjølve sist i august, men oss har
sanking
fyst i september.
Men oss er dessverre plaga av rovdyr i beiteområdet vårt - nemlig jerv. I beitesesongen har oss gjennom åra mista mange dyr, flest lam men og søyer. Men dei 2-3 siste åra har oss vært heldige
og har kun mista nokre få lam.Sauen blir urolig på beitet på grunn av jerven, så det hender at nokre kjem heim att tidlegare.
Det har vært mange turer til fjells om sumaren for å avlive skadde dyr. Det er ikkje noko
triveleg å finna desse stakkars lamma som er bitt av jerven, går der og ikkje ser eller får i seg noko mat. Heldigvis så vert nok dei fleste drept nokså fort, det er litt av ein kjeft jerven har.
Vårt beitelag har dei
siste åra leigd folk til å gå tilsyn i fjellet for å registrere kadaver og varsle om skadde dyr.
Nytt av året (2015) så
har oss radiobjøller på nokre av søyene. Det er interessant å sjå kor dei går om sumaren. Dei er registrert på dataen/mobilen og ved å gå inn der så ser oss kor dei befinn seg til enhver tid. Hadde
vori ein fordel å hatt bjøller på alle søyene, men det koster ein del å leige dei. Spesielt ved sanking om hausten er det ein fordel å sjå kor dei går hen.
😎
Nyeste kommentarer
Fin side Randi og gamle fotballbilder var midt i blinken. Ivar