Restaurering av gamle-stugu.

Rundt omkring står det mange gamle og kanskje falleferdige hus. Da kjøm spørsmålet; skal oss rive det ned eller restaurere? På gardene er det som oftest eit tun, og husa høyrer til der. Her er våningsshus, stabbur, eldhus, fjøs og låve. På setra var det seter-stugu, fjøs og låve. Her på garden var våningshuset i dårlig forfatning. Oss hadde bygd oss nytt bolighus på 70-talet, og det gamle stod der for fall uten at nokon kunne bu i det. Oss tenkte mykje på kva oss skulle gjera, men åra gjekk. Oss visste at det var kostbart å starte opp med restaurering, men med ein stor egeninnsats så måtte det vel gå. Oss bestemte oss omsider for å restaurere det gamle våningshuset. Søkte om SMIL-midler, og fekk tilsagn om støtte frå dei. Oss fekk ein arkitekt til å tegne påbygget av ny sval, samt andre detaljer i huset. Tømmer vart hogd i egen skog vinteren 2007, og så var det i gang med arbeidet som varte i 2 år. Hadde som mål at oss skulle være ferdige november 2009. Alt vart rydda ut av huset,vegger, golv,tak og sval vart revet. Dette var litt av ein jobb for det var leire som isolasjon i golv og tak.
Oss fekk leigd med oss to flinke snekkere. Dei starta med å tømre i nye stokker der dei gamle var rotne. Og så gjekk det sin gang med snekring, pussing av gamle
dører og vegger som skulle males, elektriker, rørlegger, golvsliping, murerarbeid m.m.
Høsten 2009 stod huset ferdig. Hadde da fått måla det utvendig. Det stod att ein del småtteri til oss var heilt klare til å ta det i bruk.Men oss klarte tidsfristen, og det vart feira 70 års lag i den gamle stugu på garden.
Dette har nå vorti føderådsstugu på garden, da oss i august 2011 flytta inn der. Yngre krefter har komi på garden og vil overta når den tida kjøm.
Oss har ikkje angra ein dag på at oss gjekk igang med restaureringa. Det har vori mykje arbeid og kostnad,men og mykje glede da oss såg resultatet. Da var alt strev og arbeid gløymd. 
Oss har og ein gamal låve på setra som skulle vori restaurert, så det blir vel den neste oppgava for oss. Har tidligere restaurert det gamle stabburet her på garden.
Har lagt ved ein del bilder av restaureinga - sjå på desse!