🙂

 

Hadde aldri kjørt tog frå Dombås til Åndalsnes, Raumabana, så ein fin værdag i sumar(2013) tok oss bilen til Dombås og satte oss på toget. Det var ein fin togtur over Lesjabygda, og ned i Romsdalen.Det er stor høgdeforskjell når det bikker utover frå Bjorli, så her vart det i si tid laga ein vendetunnel.

Det eg var mest spent på å sjå var dei fine bruene, Jorabrua og Kyllingbrua.  Flotte byggverk, ein kan lure på kordan det i det heile tatt går an å bygge noko slik over desse juva. Måtte vera flinke folk som planlagte og utførte desse byggverka. Frå toget såg oss naturligvis ikkje så mykje av bruene, derfor legg eg inn nokre gamle bilder av dei.

 

 

                                   Jorabrua

Her er Jorabrua som ligg litt vestover fra Dombås, og går over elva Jora. Arbeidet med brua starta opp i 1912. Dette bildet har eg funnet i ei bok om Raumabana.
Eit flott byggverk.

Her er det at fyste grustoget passerer Jorabrua.
Bildet er frå ei bok om Raumabana.

                                 Kyllingbrua.

 

Her er Kyllingbrua ferdig mura. I følge boka om Raumabana er brua 76 m lang. Frå elvebotn og opp til skinnegangen er det ei loddrett høgde på 59 m. Det forberedende arbeidet for brubygginga vart påbegynt i sept. 1913. Det tok 10 år å bygge brua som altså var ferdig i 1923. Prislappen var på 676000 kroner. I bakgrunnen ser oss skinnegangen.

Her passerer eit grustog brua.

Her er stilaset nærmest ferdig.

Her er nok murarbeidet i gang.

Bilder har eg kopiert frå boka om Raumabana - Normann - samlinga.

Boka er gjeve ut av Rauma kulturstyre ved Folkebiblioteket.

Dette er ei meget interessent bok å lesa og her er mange fine bilder frå anlegget.

Randi