Tidlig ein kveld fekk oss sjå eit lam  som låg på jordet. Søya stod eit stykkjy unna med sine to andre lam og såg etter sitt tredje. Men det låg som dødt, og var blodig på nakken da oss gjekk opp til det. Oss tok det med oss og lag det inn i fjøset. Hovudet hang ned og det greide ikkje å stå. Låg og skalv, og fekk så eit ullteppe over seg. Mikkel rev hadde bitt det over nakken for å drepe det, og håpa på å få mat til kvelpene sine. Men heldigvis så fann oss det i tide. Sjå på bildet til høgre.

Ho matmor prøvde alt for å få mat i lammet, ein liten vær som har fått navnet FRIK. Kun litt mjølk av flaske var det eg fekk i han. Men etterkvart åt det litt kraftfor, og oss plukka gras til det. Men han greide fortsatt ikkje å gå, heller ikkje å lyfte på hovudet. Men eg tok det med ut litt om dagen slik at det skulle få frisk luft. 

Eg fekk god hjelp av barnebarna som plukka og gav lammet gras og kraftfor. Dei syntes nok synd på det vesle, skadde lammet. Det såg også ut til at lammet likte selskapet.

 Etterkvart kom lammet seg. Hadde god matlyst. Oss fann ut at han likte godt løvetannblad / blomst. Så det gjekk ned på høgkant. Han låg mens han åt, men litt om litt fekk han hovudet opp frå bakken. Begynte også å gnage litt gras sjølv. Han lag på seg, og eg merka at han vart tyngre å bera på. Så når eg skulle ha han inn att i fjøset om kvelden, så tok eg nå i bruk trillebåra. Såg også ut til at han likte den kjøreturen.

Etter ca. 10 dager med pleie, fekk han opp bakføtene og kom seg fram på kne. Da fekk han i seg noko gras sjølv, og greide å forflytte seg.

Etter 12 dager gjekk han på alle fire når eg kom til fjøset med mjølk om morgonen. Da var det ei matmor som var glad. Han lag seg att fort, men stor framgang.

Etter 13 dager rusla han rundt i gardstunet. Fekk besøk av barnebarnet som gav han løvetann, noko han ikkje sa nei takk til.

Etter at han tok til å rusle rundt litt, måtte eg sjå etter han heile tida. Kunne heller ikkje reise bort frå garden. Derfor lånte eg fire sankegrinder av Beitelaget vårt som eg sette opp, og desse fungerte fint.

Nå vart han noko meir vidfaren. Skulle utforske gardstunet. Mykje spennende å sjå og snuse på.

Da har ho matmor att å sjå korleis det går med vesle lammet vårt. Håper at han får det bra framover sumaren, og at det ikkje tilstøyter han noko. Ein ting er ihvertfall sikkert :  Eg har eit kopplam heime i  sumar. Men det er nå berre koselig!

                                                                          🙂            Juni 2013

Matmor Randi Julie