Utsikt mot Storkuva ein dag fyst i mai.

Utsikt mot Storkuva ein dag fyst i mai.

SKOGSETRA


Ligg heilt sør i Dovre kommune - på Dovreskogen.
For å koma til Skogsetra tek du av E-6 litt nord for Gjestegården. Over Haugabrua - ta så til høgre - så 2-300 meter sørover solsidevegen, så tek vegen av til venstre.
Her er det bomveg - kr. 70 pr. tur.

Skogetra er ein gamal seterstul der garder på Dovreskogen hadde setrer.
På eit gamalt kart frå 1738 er desse seternavn nevnt: SkougSæter , Sæter til Rødølen, Sæter til Silliehougen og Sæter til Rusten(Storrusten). Seinare har det vorte delt frå grunn til fleire setrer. Desse har (hatt) setrer på Skogsetra:
Haugen, Ulheim, Rødølen, Storrusten, søre og nørdre Bakken, Elvestad, nordre og søre Siljehaugen, Pladsen, Ødegård, Mellemrusten (Bråtålykkja), Storrustlykkja (Byskjet), Beithaverlykkja nå Leirasetra.

Det er ny fin veg opp til setra, og det er lagt ut mange hyttetomter for salg i området. Det er og bygd ein del hytter her i den seinare tida. Har og fått ein ny kafe - Dovrehytta. Det gamle bygget vart fjerna, og nytt fint bygg kommet istaden.
Men denne er åpen for servering kun i vinterferien og påska.
Her oppå er det ingen slalåmbakker, men fint terreng å gå på turer i.
Det er ikkje langt til Høvringen, og eit anna turmål er Langtjønn. Ein fin tur om sumaren er å gå oppå Kuva, skiløype vert ikkje kjørt opp dit om vinteren.
Her er fin utsikt til Rondane, Horgen, Jetta og Heidalsmuen.
                                                                                                         🙂

Bilder frå Skogsetra

Legg nedenfor her nokre bilder som eg har tatt frå Skogsetra gjennom tida.

Skogsetra mot Jetta

Utsikt frå Snauhaugen mot Dovrehytta

Mykje snø i påska

Ein stor stein midt i vegen, med omkjøring

Behov for skilting i uvær!